Til minne om Torbjørn Wilhelmsen
I forrige uke fikk Europabevegelsen den triste beskjeden at Torbjørn Wilhelmsen, en av våre fremste medlemmer og tillitsvalgte, har gått bort.
Vi ønsker å bringe videre de minneord Europabevegelsen Vestland har delt i denne sammenheng, og uttrykker våre dypeste kondolanser til Torbjørns familie og venner.
Til minne om Torbjørn Wilhelmsen.
Det var med stor sorg vi fekk melding om at mangeårig styreleiar for Europabevegelsen Vestland er død. Han var også tidlegare medlem av sentralstyret i Europabevegelsen Norge.Torbjørn var på alle måtar ei drivkraft og førebilete i organisasjonen. Han gjekk av som leiar i fjor, men var framleis medlem av fylkesstyret i bevegelsen.Vi var på alle måtar heldige som ikkje berre fekk bli kjende med det hyggelege mennesket Torbjørn, men vi fekk også dra nytte av alle dei sterke sidene hans, som var avgjerande for at organisasjonenhar blitt sterkare, har fått fleire medlemmer, og har bidratt til å utvide kunnskapen om Noreg, EU og samarbeidet gjennom EØS-avtalen.
Han leia arbeidet med å etablere eit fiskeripolitisk utval i Europabevegelsen. Dette utvalet gjorde eit svært godt arbeide for å spreie kunnskap om samarbeidet mellom Noreg og EU på eit område som er svært viktig for kysten vår.Torbjørn var saman med styret i Europabevegelsen Rogaland ute før Regjeringa med systematisk å samle inn kunnskap om nærliggande land som har ei anna tilknyting til EU enn den EØS-avtalen vi må stole på. Gruppa frå Rogaland og Vestland besøkte England, Skottland, Irland, Sveits og Brussel. Kunnskapen dei samla inn har resultert i ei rekke artiklar i rikspressa om Storbritannia etter Brexit og den sveitsiske løysinga.
Torbjørn var som nemnd medlem av sentralstyret i organisasjonen og leia arbeidet med å utarbeide ein strategisk plattform for organisasjonen.På trass av alle konkrete resultata av arbeidet hans var vi kanskje mest imponert av kombinasjonen han hadde av evne til å strukturere ein frivillig organisasjon, evne til å kommunisere med alle i organisasjonen, styre og meinige medlemmer, og til sist evna hans til å drive effektiv kommunikasjon gjennom massemedia. Han var ein stilsikker skribent, god på effektiv munnleg kommunikasjon og han var inkluderande, ved å få medlemmer som gjerne kjem frå svært så ulike politiske parti eller ulike interesseorganisasjonar til å trekkje i same lei.Torbjørn sitt engasjement for Europa var ekte; få veit kva politisk parti han stemde på ved val, men alle veit at han trudde på EU som eit fredsprosjekt og at Noreg på alle måtar er avhengig av unionenfor å trygge fred.Vi saknar Torbjørn og er takksame for at han brukte så mykje av tid og ressursar heilt inn til det siste for ei sak om vi alle trur på.
Styret i Europabevegelsen Vestland